Kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery, har tidlegare snakka varmt om kor viktig det er med tidleg introduksjon til kunst og kultur, og kallar det ei «investering for livet (....). Vi får rett og slett mer trygge og stødige barn». Vi opplever at Jaffery er genuint opptatt av at også barn og unge har rett til profesjonell kunst og kultur. Det var difor skuffande at statsråden i Kulturtalen 2024, meir eller mindre nemner barn og unge i ei bisetning.

Berre «pynte seg»-politikk?

Kunst og kultur for barn og unge er eit tema det er brei politisk semje om og eit prioritert område innan kulturpolitikken. Dessverre har vi gong på gong sett at, når det kjem til stykket så er det lite handling bak orda. Dette er for mange ein “pynte-seg”-politikk. Borna har ikkje sjølve så lett for å halde politikarane til ansvar for det dei seier, men som einaste institusjonsteater som utelukkande produserer teater for born og unge, så kan Unge Viken Teater vere borna si stemme!

Viktigare enn nokon gong

Det blir vist til både krig og dyrtid, men nettopp difor så er dette ekstra viktig! Som statsråden sjølv poengterer så er det stadig fleire born som ikkje kan delta på aktivitetar på fritida. Kino og teater er for veldig mange eit «gode» som må veljast bort. Dette slår mest ut på borna, og skaper utanforskap og aukar skilnaden i samfunnet. Vi har tru på at det er nettopp i vanskelege tider at kunstens superkraft kjem fram; kunst og kultur kan bidra til inkludering, førebygge utanforskap, og styrke fellesskapet når vi treng det som mest.

Sjå til Lillestrøm!

Unge Viken Teater er stolt av å vere ein del av Lillestrøm kommune, årets kulturkommune 2023-2025. Utmerkinga er ei anerkjenning av år med ambisiøs satsing på kunst og kultur. I kommunen sin kulturstrategi for 2023-2033 har barn og unge ein særskild prioritet, og kommunen skal “gjennom ulike tiltak sikre et likeverdig tilbud av høy kvalitet uavhengig av økonomi og bakgrunn”.

Her er det tydeleg at politikarane har sett verdien i kunst og kultur, ikkje berre som «pynt på kaka», men for å ha ein vesentleg samfunnsbyggande funksjon. Her snakkar ikkje berre politikarane om det, dei set det ut i handling.

Tid for handling

Det vi no treng frå kulturministeren, er likeverdige rammer til aktørar som jobbar med kunst og kultur for born og unge. Vi kan ikkje vere kjend med at tilskot ikkje følgjer ambisjonane. Det trengs også nasjonale ordningar som bidreg til at ALLE barn - også under skulealder - får tilgong til profesjonell kunst og kultur der dei er, uavhengig av bakgrunn og økonomi. Det kostar så lite og betyr så mykje. Vi er helt einig med Lubna Jaffery i at ei investering i dei yngste er “en investering for livet».

Kulturkommunen Lillestrøm viser at det er mogleg, berre ein vil det sterkt nok.

Kari Ramnefjell, teatersjef, Unge Viken Teater, Lillestrøm